Perfekt lunsj. Etter ein del dagar med alt anna enn sommarver, kom det endeleg ein varm dag med ein del sol, sånn at alle kom te oss og kjøpte maling og andre ting te å arbeida ute med, sånn at pappa blei glad, og sånn at dagen gjekk fort. Og sånn at eg kunne ha ein perfekt lunsj som besto av å sitta ute, lesa i Varsler i vinden og eta detta perfekte måltidet:
Perfekt kveld med Kari. Våre foreldre va i bursdagsselskap, so me va aleina heima, og da e faktisk sjukt deilig i blant! Me åt gryn og jughurt og melk og bringebærsyltetøy og slikt godt, medan me planla ka me sko ha te middag, og søkte på ymse på nettet som inneholdt Kesam, for da hadde me i kjøleskapet. Me landa på pizza. Så kjørte me på butikken og kjøpte litt me trengte te pizzaen, og eg fann ut at det e komt BALHOLM på butikken vår! Så da måtte me kjøpa for å mimra litt og støtta litt, og visa at det faktisk e litt ettespørsel ette den dyre drikko som ingen andre sikkert tar seg råd te å kjøpa fordi dei ikkje veit kva fantastiske greier det e. Trist. Men detta va altså fryd. Så gjekk me på Veten, veret som før var så flott hadde no skifta te grått, regnfullt og skoddete, men varmen var der fortsatt, så det va deilig å gå. Strandaveien va litt lengre enn me kunne huska, men me kom oss opp og ner igjen, og heim te pizzalaging og planlagt 17again-sjåing. Men den begynte visst litt tidligare enn eg trudde, og så tok ting som alltid lenger tid enn planlagt. Deiga ska visst hevast og sånn, gitt.. So då måtte den filmen bli nedprioritert. Eg som var så glad for at den gjekk på TV fordi ingen ville sjå den med meg på Sygna. Men da gjorde egentlig ingenting, bare litt irriterande når me har tenkt å gjera nåke, men so blir da ikkje heilt sånn likavel. Men hallo (hei hei ja, høre eg for meg Anna Irene sei), det må tålast, kvelden var fortsatt flott! Me blei og ganske så svultne ettekvart sio detta tok litt tid, så me åt ganske masse fyll mens me tok på. Det va forresten kvit pizza me sko laga, inspirert av Sommeråpent, tante Flurina og internett. Oppskrifto blei ca sånn: Litt for grov deig, med too much grovt mjøl i forhold te lyst, slik at det blei ein litt for fast konsistens, men smaken var god! Kesam på heile, pesto på halve, tomat på ein kvart, skinka på ein kvart, kvitløk på ein halv, cashewnøtte på pittelitt, pinjekjerne og ruccola rundtomkring, og eit krydder med eit rart navn med kvitløk i. Når den endeleg var ferdig satt me oss opp på loftet og hadde 10 things I hate about you som bakgrunnsunderholdning (eg såg forresten bare begynnelsen og slutten, og då va det ein ganske fantastisk film! absolutt ikkje kvalitetsmessig, på nåken måte, eller jo, må innrømma at Heath Ledger va utrulig kjekk når han va veldig ung)
og til poenget: og åt vår fantastiske pizza og salat, med fantastiske Balholm til. Eit meget godt og hyggeleg måltid. Me måtte forresten ta heilt like stykke heilt samtidig i begynnelsen for å smaka dei ulike kombinasjonane samtidig.. Sære ja, men me koste oss med å gjera litt masse ut av denne pizzaen. Me sko egentlig eta jordbær seinare, men da va ikkje plass.. EG E HÅPLAUS! Eg sko liksom prøva nåke sjeldent her, eit kort innlegg med korte punkt.. Ser kor godt det har gått, allerede.
Perfekt dessert/kaffimat. Jordbær, is og brownies lagd frå botn frå Familien-oppskrift. Det e seriøst ille lenge sio eg har laga nåke sånt uten Toropose, så eg måtte bare sjekka at det gjekk an. Og da gjorde da, for da blei godt!
Perfekt sommartur. Ette masse avslapping va det plutselig ikkje så deilig lenger, så mamma og pappa gjekk på tur, Kari sko på joggetur, og eg hadde stått ute på terrassen og sentra og serva volleyball med meg sjøl, og hadde lyst å gjera nåke, so då blei da joggetur på meg og. I marka, for eg like ikkje folk. Der va da svært vått, og eg trakte i gjørma og blei svart oppøve heile beinet, og det va skikkelig gøy faktisk, så sprang eg i alle sølepytta eg fant nerøve grusveien i Austefjorden, so kom eg te sjøen og fekk lyst å bada, so då jogga eg opp og ner igjen den litle grusveien for å “fortjena” (ikkje det at eg bryr meg så hardt) eit bad. So då bada eg eit deilig bad med joggeskona på, ganske artig. So jogga eg nett opp te marka og gjekk i den ganske lenge, og va i skikkelig godt humør! Hørte på masse fin musikk og koste meg. Og så kom eg te nåken fine bomstra som eg måtte plukka, og då måtte eg plukka alle dei andre fine sortane eg og fant, utrulig kor mange fine villblomstra da finst! Eg toppa turen med å eta nåken blåbær i skråningen nedfor huset vårt. Lykke og glede å få ein slik fin sommaropplevelse midt i da fraværande sommarveret.
Særs nøgd. Skjeten, blodig og barsk. Og bløøøt (det e kanskje sånn ein bare seie om gutta, jaja).
Og må ta bilde av buketten frå alle vinklar, jadda.
Detta va tidenes skryteinnlegg, eit slikt eit som alle typisk legg ut og alle andre tenkjer at gurimalla, ho der va no flink og sprek og lykkelig – heile tida, men så fins det mange mindre perfekte ting innimellom som ein ikkje dele med verden. Men eg skreiv detta forda da mesta av detta skjer ytterst sjelden, så då ville eg dela da den gongen da skjedde. Det e vell kanskje sånn med dei fleste andre og, så ingen grunn til missunning. Men no sko det handla om alt det perfekte eg har opplevd denne helga. Men alt detta va jo faktisk ikkje perfekt heller. Eller jo, eller nei, eller eg veit ikkje heilt ka perfekt betyr. Poenget e vertfall at eg ikkje kunne hatt da stort betre! Og at Gud er god som mellom anna har laga ein slik flott natur! Og at han lar oss få ha det så bra! TAKK.









juli 4th, 2011 at 10:13
Du e ei herleg jenta, Eldfrid! Smile her eg sitte for meg sjølv medan eg lese om dine perfekte matopplevelsar og anna.
MORSOM!
juli 14th, 2011 at 00:37
Åå, koselig
Kjekt å kunna få deg te å smila litt
Eg blir mest flau då, av det eg skrive liksom. meeen men. Kjekt du e innom her i blant