Påske! og familien Klepsviks husmorskule. mest det sista.

Sist helg va det Vision på Sygna, det va konge! Hadde litt sånn “nettkomtheimfråleirogvilbaretebakefølelse” ettepå, så det e eit godt tegn.

No har eg komt heim te Sotra på påskeferie, og det e deilig. Rart kor fantastisk det e å bare kunna ligga på sofaen, og å sjå i kjøleskap og andre skap og finna masse godt av ulikt slag. Egentlig e da mesta her heima godt når ein går på internatskule. Maten på Sygna e faktisk god, men veldig digg med forandring, og ingenting slår jo det ein får heima!

Denne påsken er det faktisk husmorskule heima hos oss. Det var egentlig ikkje planlagt, men det har bare blitt det, og eg trur eg e den einaste i familien som veit om den. Men det e jammen på tide, for eg har snakt om det i lange tider, at eg må få litt opplæring av mamma for å bli skikka te å flytta ut på skikkelig, og ettekvart å forhåpentligvis bli ei (god) kåna. Det må nevnast at eg nok e usedvanlig lite flink på kjøkkenet, og har vore med på svært lite av huslige ting, derfor trengs det litt kursing. Det e forresten bare husmorskule nivå 1 som foregår denne ferien. Så langt består den av:

Sconesbaking – grove, fine og gode, men litt for kompakte – litt meir bakepulver neste gang.
Salatlaging – salat, agruk, cherrytomata, sukkererte, mais og fetaost – fin kombinasjon, ikkje for mykje rart oppi – vellykka!
Smørkremlaging og lefsesmøring – rørte sammen smør og sukker, og smørte det på lefsene te mamma. Blei svært godt! No gjenstår det bare å læra å baka dei, det får bli på level 2.

Ellers har eg følgt med på mamma sin matlaging, og spurt korleis ho gjer ting, som til dømes når ho lagde blåbærpai i dag. Eg fekk og høra om korleis dei lagde fiskepai på fiskekurs med barnehagen.. Det va egentlig lite interessant, for eg har ikkje tenkt å laga det i mitt liv. Men ellers sette eg pris på alle råd og tips, og suge te meg alt eg kan : )

Og so har eg plana om å laga sånne god tebriks som Anna Irene lage, og ellers fortsetta å følga med på mamma når ho gjer ting, og kanskje dukke det opp fleire oppdrag utøve ferien og.

Det må og nevnast at eg gjekk ein liten tur i marka med mamma i går, og me (ho) brukte ca heile turen på å sjå ette, og snakka om kvitveisen som kanskje hadde komt. Rett ette me hadde slutta å leita utbryte ho “Nei, sjå der! Der e der to jo!” Ho tok dei med seg heim og, sjøl om eg syns da va litt fælt å ta dei einaste so hadde sprunge ut. Artig opplevelse. Veit ikkje om detta høre inn under kurset, men eg føle på ein måte det har ein viss samanheng. Den voldsomme interessen for blomstra bør kanskje og lærast? Litt av den har eg allerede då. Eg har aledeles ikkje tenkt å bli ein kopi av ho altså, men ho har jo ein del kvaliteta eg har lyst å ha med meg : )

Her e litt godt påskebudskap. Sånn for å avslutta med nåke vetigt ette alt detta maset.


Ei tilbakemelding til “Påske! og familien Klepsviks husmorskule. mest det sista.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.